27 Dei ligg ikkje hos kjempenesom fall uomskorneog fór ned til dødsriket med sine våpen,dei som fekk sverda lagde under hovudet,men skulda låg tungt over knoklane.For det stod redsle av kjempenei landet til dei levande.
28 Du skal òg bli knust mellom uomskorneog liggja hos dei som er drepne med sverd.
29 Der er Edommed sine kongar og alle sine hovdingar.Trass i all si kraft vart dei lagdehos dei som vart drepne med sverd,dei ligg hos uomskorne,hos dei som gjekk i grav.
30 Der er alle fyrstane frå nordog alle dei frå Sidon.Det stod redsle av dei,men dei måtte fara ned til dei drepne.Med all si kraft vart dei til skamme.Uomskorne ligg deihos dei som vart drepne med sverd.Dei må bera si vanærehos dei som gjekk i grav.
31 Farao skal sjå deiog søkja trøyst for heile flokken sin.Farao og heile hæren er drepne med sverd,seier Herren Gud.
32 Eg lét han spreia redsle i landet til dei levande,men han skal leggjast til kvile mellom uomskorne,hos dei som er drepne med sverd,både farao og heile den ståkande flokken hans,seier Herren Gud.