4 Eg slengjer deg opp på landog kastar deg på marka.Eg lèt alle fuglar under himmelenslå seg ned på degog lèt alle dyr på jordametta seg på deg.
5 Eg legg kjøtet ditt på fjellaog fyller dalane med blodet ditt.
6 Eg vatnar jorda med blodet dittsom renn på fjella,og fyller bekkefara.
7 Eg dekkjer himmelen til når eg sløkkjer deg,stjernene kler eg i svart.Sola dekkjer eg bak skyer,månen kastar ikkje lenger lys.
8 Kvart skinande lys på himmelenlèt eg svartna for di skuld,eg sender mørker over landet ditt,seier Herren Gud.
9 Eg skakar opp hjartet hos mange folkeslagnår eg fører deg øydelagdut mellom folka,til land du ikkje kjenner.
10 Eg skremmer mange folk med deg,kongane deira gysernår eg svingar sverdet framfor dei.Kvar augneblink skjelv dei for livet sittden dagen du fell.