9 Eg skakar opp hjartet hos mange folkeslagnår eg fører deg øydelagdut mellom folka,til land du ikkje kjenner.
10 Eg skremmer mange folk med deg,kongane deira gysernår eg svingar sverdet framfor dei.Kvar augneblink skjelv dei for livet sittden dagen du fell.
11 For så seier Herren Gud:Sverdet til kongen av Babel skal koma over deg.
12 For sverdet til kjemperlèt eg flokken din falla,alle er brutale folkeslag.Dei smadrar det egyptarane er stolte av,heile den støyande flokken blir utrydda.
13 Eg gjer ende på alt feetved dei store vatna.Dei skal ikkje lenger grumsast tilav menneskefot eller dyreklauver.
14 Så gjer eg vatnet klårt og reint,elvane lèt eg renna som olje,seier Herren Gud.
15 Når eg gjer Egypt til ei øydemark,når landet ligg audt og forlate,når eg slår ned alle som bur der,då skal dei kjenna at eg er Herren.