18 Når den rettferdige vender seg frå si rettferd og gjer det vonde, skal han døy på grunn av det.
19 Og når den urettferdige vender seg frå sin urett og gjer det som er rett og rettferdig, skal han leva på grunn av det.
20 De seier at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil dømma kvar av dykk etter hans eigne vegar, Israels hus.
21 Det var i det tolvte året etter at vi vart bortførte, på den femte dagen i den tiande månaden. Då kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.»
22 Herrens hand var over meg kvelden før flyktningen kom. Han opna munnen min før han kom til meg om morgonen. Munnen vart opna, eg var ikkje mållaus lenger.
23 Herrens ord kom til meg:
24 Menneske, dei som bur mellom desse ruinane i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre éin, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»