2 Menneske, tal til folket ditt og sei: Når eg lèt sverd koma over eit land, vil folket der ta ein av sine eigne og setja han til vaktmann.
3 Når han ser sverdet koma mot landet, blæs han i hornet og åtvarar folket.
4 Om nokon som høyrer hornsignalet, ikkje lèt seg åtvara, så sverdet kjem og tek han, skal blodet hans koma over hans eige hovud.
5 Han høyrde hornsignalet, men lét seg ikkje åtvara. Difor skal blodet hans koma over han sjølv. Om han hadde late seg åtvara, hadde han berga livet.
6 Det kan henda at vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i hornet, så folket ikkje blir åtvara. Når sverdet kjem og tek livet av ein av dei, skjer det på grunn av skulda hans. Men blodet hans vil eg krevja av vaktmannens hand.
7 Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels hus. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.
8 Når eg seier til ein urettferdig: «Du urettferdige, du skal døy» og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy på grunn av si skuld. Men blodet hans vil eg krevja av di hand.