23 Herrens ord kom til meg:
24 Menneske, dei som bur mellom desse ruinane i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre éin, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»
25 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, de lyfter auga til avgudane dykkar, de auser ut blod, og så skulle de få eiga landet?
26 De set dykkar lit til sverdet, de gjer avskyelege ting, de krenkjer kvinnene til kvarandre, og så skulle de få eiga landet?
27 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever, dei som er mellom ruinane, skal falla for sverd. Den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i grotter og hòler, skal døy i pest.
28 Eg gjer landet audt og øyde, og det blir slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude, ingen skal ferdast der.
29 Dei skal kjenna at eg er Herren når eg gjer landet audt og øyde på grunn av alt det avskyelege dei har gjort.