30 Du menneske! Dei av folket ditt som talar saman om deg ved murane og i døropningane, seier seg imellom, den eine til den andre: «Kom og høyr kva for eit ord som går ut frå Herren.»
31 Så kjem folket til deg i flokk og følgje og set seg framfor deg. Dei høyrer orda dine, men dei lever ikkje etter dei. For dei lever etter løgna i sin eigen munn, og hjartet deira trår etter urett vinning.
32 Sjå, du er for dei lik ein mann som syng kjærleiksviser med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei.
33 Men når det kjem – sjå, det kjem – då skal dei kjenna at ein profet har vore midt imellom dei.