8 Når eg seier til ein urettferdig: «Du urettferdige, du skal døy» og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy på grunn av si skuld. Men blodet hans vil eg krevja av di hand.
9 Om du åtvarar den urettferdige for at han skal venda om frå sin veg, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy på grunn av si skuld. Men du har berga livet.
10 Du menneske, sei til Israels hus: De seier: «Når våre brot og synder ligg så tungt på oss at vi rotnar, korleis kan vi då leva?»
11 Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg vil ikkje at den urettferdige skal døy, men at han skal venda om frå sin veg og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde veg! Kvifor vil de døy, Israels hus?
12 Du menneske, sei til folket ditt: Rettferda til den rettferdige skal ikkje berga han den dagen han syndar. Og uretten til den urettferdige skal ikkje fella han den dagen han vender om frå si synd. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd den dagen han syndar.
13 Når eg seier om den rettferdige: «Han skal leva», men han lit på si rettferd og gjer det vonde, då skal alle hans rettferdige gjerningar vera gløymde. Fordi han gjorde det vonde, skal han døy.
14 Når eg seier om den urettferdige: «Han skal døy», men han så vender om frå si synd og gjer det som er rett og rettferdig,