14 På gode beitemarker skal eg gjeta dei, dei skal ha engene sine på dei høge fjella i Israel. Der skal dei kvila i frodige enger. Dei skal gå på saftige beite på fjella i Israel.
15 Eg vil gjeta sauene mine og la dei kvila, seier Herren Gud.
16 Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.
17 De, min flokk! Så seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom ein sau og ein annan, mellom vêrar og bukkar:
18 Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned resten av beitemarkene? Er det ikkje nok at de får drikka det klare vatnet, om de ikkje òg skal grumsa til resten med føtene?
19 Skal flokken min eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?
20 Difor seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom dei feite og dei magre sauene.