21 De trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna til de får spreidd dei og drive dei ut.
22 Difor vil eg berga flokken min, dei skal ikkje meir bli til rov. Slik skal eg dømma mellom ein sau og ein annan.
23 Eg vil setja éin gjetar over dei, og han skal gjeta dei, min tenar David, han skal gjeta dei, han skal vera gjetaren deira.
24 Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.
25 Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane.
26 Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera.
27 Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane.