23 Eg vil setja éin gjetar over dei, og han skal gjeta dei, min tenar David, han skal gjeta dei, han skal vera gjetaren deira.
24 Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.
25 Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane.
26 Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera.
27 Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane.
28 Dei skal ikkje lenger vera eit bytte for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skremma dei.
29 Eg lèt planter veksa opp som det går gjetord om, ingen i landet skal meir rivast bort av svolt. Aldri meir må dei tola spott frå folkeslaga.