27 Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane.
28 Dei skal ikkje lenger vera eit bytte for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skremma dei.
29 Eg lèt planter veksa opp som det går gjetord om, ingen i landet skal meir rivast bort av svolt. Aldri meir må dei tola spott frå folkeslaga.
30 Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud.
31 De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.