3 De et feittetog kler dykk med ullaog slaktar dei beste dyra,men sauene gjeter de ikkje.
4 Ikkje har de styrkt dei veike,ikkje lækt dei sjuke,ikkje bunde om dei skadde,ikkje ført tilbake dei bortdrivne,ikkje leita opp dei bortkomne,men med makt har de herska over dei,og med tvang.
5 Sauene vart spreidde,dei hadde ingen gjetar.Dei vart til føde for alle slag villdyr,dei vart spreidde.
6 Sauene mine villa seg bortpå alle fjell og høge haugar.Dei vart spreidde ut over heile jorda,ingen spør etter deiog ingen leitar.
7 Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!
8 Så sant eg lever, seier Herren Gud:Sanneleg, sauene mine har vorte til rovog til føde for alle slag villdyr,for dei har ingen gjetar.Gjetarane mine spurde ikkje etter sauene.Dei gjette seg sjølve, ikkje sauene mine.
9 Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!