5 Sauene vart spreidde,dei hadde ingen gjetar.Dei vart til føde for alle slag villdyr,dei vart spreidde.
6 Sauene mine villa seg bortpå alle fjell og høge haugar.Dei vart spreidde ut over heile jorda,ingen spør etter deiog ingen leitar.
7 Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!
8 Så sant eg lever, seier Herren Gud:Sanneleg, sauene mine har vorte til rovog til føde for alle slag villdyr,for dei har ingen gjetar.Gjetarane mine spurde ikkje etter sauene.Dei gjette seg sjølve, ikkje sauene mine.
9 Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!
10 Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot gjetaraneog krev dei til rekneskap for sauene mine.Eg avset dei som sauegjetarar.Og dei skal ikkje lenger få gjeta seg sjølve.Eg vil berga sauene mine ut or gapet deira.Dei skal ikkje ha dei til føde.
11 Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei.