3 Du skal seia til det:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot deg, Se'ir-fjell,eg lyfter handa mot degog gjer deg audt og øyde.
4 Byane dine legg eg i røys,og sjølv skal du bli til øydemark.Då skal du kjenna at eg er Herren.
5 Fordi du bar på gammal fiendskap,overlét du israelittane til sverdetdå ulukka ramma dei,då dei fekk si endelege straff.
6 Difor, så sant eg lever,seier Herren Gud,eg lèt deg blø,og blod skal forfølgja deg.Fordi du ikkje hata blod,skal blod forfølgja deg.
7 Eg gjer Se'ir-fjellet audt og øyde,eg ryddar ut dei som ferdast der.
8 Eg fyller Edoms fjell med drepne.På alle haugar, i dalar og bekkefarfell dei som blir drepne med sverd.
9 Eg gjer deg til evig øydemark,byane dine skal liggja folketomme.De skal kjenna at eg er Herren.