1 Du menneske, tal profetord mot fjella i Israel og sei: Fjell i Israel, høyr Herrens ord!
2 Så seier Herren Gud: Fienden har ropa til dykk: «Ha-ha! Dei gamle haugane har vorte vår eigedom.»
3 Difor skal du tala profetord og seia: Så seier Herren Gud: Dei har herja og jaga dykk frå alle kantar så de har vorte ein eigedom for andre folkeslag. De er på leppene til alle, folk kviskrar om dykk.
4 Difor, fjell i Israel, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane, til røysane på dei aude tuftene og til dei folketomme byane, som har vorte plyndra og spotta av dei andre folkeslaga rundt omkring.
5 Difor seier Herren Gud: Sanneleg, eg talar i min brennande sjalusi mot dei andre folkeslaga og mot heile Edom. Av hjartans lyst og med sjels forakt gjorde dei landet mitt til sin eigedom, til beiteland og bytte.