10 Eg lèt dykk få mange menneske, heile Israels hus. I byane skal det bu folk, og ruinrøysane skal byggjast opp att.
11 Eg lèt dykk få mange menneske og dyr. Dei skal bli mange og vera fruktbare. Eg lèt det bu folk hos dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn før. De skal kjenna at eg er Herren.
12 Atter lèt eg menneske ferdast på dykk, mitt folk Israel skal ta deg i eige. Du skal vera deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause.
13 Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk.
14 Men du skal ikkje eta menneske meir og ikkje gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
15 Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå folkeslaga, du skal ikkje lenger måtta tola at folk håner deg, og du skal ikkje lenger gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
16 Herrens ord kom til meg: