13 Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk.
14 Men du skal ikkje eta menneske meir og ikkje gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
15 Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå folkeslaga, du skal ikkje lenger måtta tola at folk håner deg, og du skal ikkje lenger gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
16 Herrens ord kom til meg:
17 Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med si ferd og sine gjerningar. I mine auge var det som ureinskap ved menstruasjon.
18 Så auste eg ut harmen min over dei fordi dei auste ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine.
19 Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strødde ut i landa. Eg dømde dei etter deira ferd og gjerningar.