14 Men du skal ikkje eta menneske meir og ikkje gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
15 Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå folkeslaga, du skal ikkje lenger måtta tola at folk håner deg, og du skal ikkje lenger gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
16 Herrens ord kom til meg:
17 Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med si ferd og sine gjerningar. I mine auge var det som ureinskap ved menstruasjon.
18 Så auste eg ut harmen min over dei fordi dei auste ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine.
19 Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strødde ut i landa. Eg dømde dei etter deira ferd og gjerningar.
20 Men kva folkeslag dei enn kom til, vanhelga dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, men dei måtte fara ut av landet hans.»