20 Men kva folkeslag dei enn kom til, vanhelga dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, men dei måtte fara ut av landet hans.»
21 Eg vernar mitt heilage namn, som Israels hus har vanhelga mellom folkeslaga dei kom til.
22 Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Gud: Eg grip ikkje inn for dykkar skuld, Israels hus, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanhelga mellom dei folka de kom til.
23 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanhelga mellom folkeslaga, det som de vanhelga mellom dei. Folkeslaga skal kjenna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg gjennom dykk viser meg heilag for auga på dei.
24 Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land.
25 Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane.
26 Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden.