35 Då skal dei seia: Denne jorda som låg aud, har vorte som Edens hage. Og byane som låg i ruinar, i øyde og i grus, ligg der no som faste borger.
36 Dei folka som enno er att rundt omkring dykk, skal kjenna at eg, Herren, har bygd opp det som låg i grus, og planta der jorda låg aud. Eg, Herren, har tala og vil setja det i verk.
37 Så seier Herren Gud: Også denne bøna frå Israels hus vil eg oppfylla for dei: Eg gjer dei talrike som ein saueflokk.
38 Som flokken av heilage sauer, som sauene i Jerusalem på høgtidsdagane, slik skal ein flokk av menneske fylla dei byane som låg i røys. Og dei skal kjenna at eg er Herren.