5 Difor seier Herren Gud: Sanneleg, eg talar i min brennande sjalusi mot dei andre folkeslaga og mot heile Edom. Av hjartans lyst og med sjels forakt gjorde dei landet mitt til sin eigedom, til beiteland og bytte.
6 Difor skal du tala profetord om Israels land og seia til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Så seier Herren Gud: Sjå, eg talar i sjalusi og harme fordi de må tola spott frå andre folk.
7 Difor seier Herren Gud: Eg lyfter handa og sver at grannefolka dykkar sjølve skal bera sin spott.
8 Men de, fjell i Israel, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart!
9 Sjå, eg vender meg til dykk. De skal bli dyrka og tilsådde.
10 Eg lèt dykk få mange menneske, heile Israels hus. I byane skal det bu folk, og ruinrøysane skal byggjast opp att.
11 Eg lèt dykk få mange menneske og dyr. Dei skal bli mange og vera fruktbare. Eg lèt det bu folk hos dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn før. De skal kjenna at eg er Herren.