7 Difor seier Herren Gud: Eg lyfter handa og sver at grannefolka dykkar sjølve skal bera sin spott.
8 Men de, fjell i Israel, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart!
9 Sjå, eg vender meg til dykk. De skal bli dyrka og tilsådde.
10 Eg lèt dykk få mange menneske, heile Israels hus. I byane skal det bu folk, og ruinrøysane skal byggjast opp att.
11 Eg lèt dykk få mange menneske og dyr. Dei skal bli mange og vera fruktbare. Eg lèt det bu folk hos dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn før. De skal kjenna at eg er Herren.
12 Atter lèt eg menneske ferdast på dykk, mitt folk Israel skal ta deg i eige. Du skal vera deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause.
13 Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk.