16 Du menneske, ta deg ein trestokk og skriv på han: «For Juda og israelittane, venene hans.» Ta så ein annan stokk og skriv på han: «For Josef – Efraims stokk – og heile Israels hus, venene hans.»
17 Set dei saman, stokk mot stokk, så dei blir til éin trestokk i handa di.
18 Når så folket ditt spør: «Kan du ikkje fortelja oss kva du meiner med dette?»
19 – då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs trestokk, som er i Efraims hand og hos Israels stammar, venene hans, og set han saman med Judas stokk. Så gjer eg dei til éin stokk, dei blir til éin i handa mi.
20 Stokkane som du skriv på, skal du halda i handa framfor auga på dei.
21 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land.
22 Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folkeslag og ikkje meir vera delte i to kongerike.