22 Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folkeslag og ikkje meir vera delte i to kongerike.
23 Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane sine og alt det motbydelege og alle brota sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
24 Min tenar David skal vera konge over dei, og alle skal dei ha éin gjetar. Dei skal følgja lovene mine og halda forskriftene mine, så dei lever etter dei.
25 Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Dei skal bu i det for alltid, både dei og borna og barneborna deira. Og min tenar David skal vera deira fyrste for alltid.
26 Eg gjer ei fredspakt med dei; det skal vera ei evig pakt. Eg lèt dei bli mange. Eg set min heilagdom hos dei for alltid.
27 Min bustad skal vera hos dei. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
28 Folkeslaga skal kjenna at eg er Herren som helgar Israel, når min heilagdom er hos dei for alltid.