3 Då sa han til meg: «Menneske, kan desse knoklane bli levande att?» Eg svara: «Min Herre og Gud, det veit berre du.»
4 Han sa: «Tal profetord over desse knoklane og sei til dei: Tørre knoklar, høyr Herrens ord!
5 Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande.
6 Eg fester sener på dykk, legg kjøt på, dreg hud over og gjev dykk andedrag så de blir levande. Då skal de kjenna at eg er Herren.»
7 Eg tala profetord, som eg hadde fått bod om. Sjå, eg profeterte, og det tok til å buldra og skjelva. Knoklane la seg inn mot kvarandre, knokkel mot knokkel.
8 Eg såg, og sjå! – det kom sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over. Men ånd mangla dei.
9 Då sa han til meg: «Tal profetord til ånda! Menneske, tal profetisk og sei til ånda: Så seier Herren Gud: Kom, ånd, frå dei fire vindretningane og blås på desse drepne så det kjem liv i dei.»