15 Då skal du koma frå staden din lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær.
16 Du skal dra opp mot Israel, folket mitt, som ei sky for å dekkja landet. I dei siste dagar skal det skje: Eg fører deg mot landet mitt. Folkeslaga skal læra meg å kjenna når eg gjennom deg, Gog, viser meg heilag framfor auga på dei.
17 Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? I år etter år profeterte dei på den tida at eg skulle føra deg mot dei.
18 Den dagen, dagen då Gog går mot Israels-landet, seier Herren Gud, då skal harmen stiga opp i meg.
19 I min sjalusi og brennande harme seier eg: Sanneleg, den dagen skal det koma eit kraftig jordskjelv over Israels-landet.
20 Då skal dei skjelva for meg, fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på jorda, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, berghyllene skal falla ned og alle murane falla i grus.
21 Då kallar eg sverd over han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre.