17 Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? I år etter år profeterte dei på den tida at eg skulle føra deg mot dei.
18 Den dagen, dagen då Gog går mot Israels-landet, seier Herren Gud, då skal harmen stiga opp i meg.
19 I min sjalusi og brennande harme seier eg: Sanneleg, den dagen skal det koma eit kraftig jordskjelv over Israels-landet.
20 Då skal dei skjelva for meg, fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på jorda, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, berghyllene skal falla ned og alle murane falla i grus.
21 Då kallar eg sverd over han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre.
22 Eg straffar han med pest og blod. Høljande regn og haglsteinar, eld og svovel lèt eg regna over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han.
23 Slik viser eg meg stor og heilag og gjev meg til kjenne for auga på mange folkeslag. Dei skal kjenna at eg er Herren.