5 Med dei er Persia, Kusj og Put. Alle saman har skjold og hjelm.
6 Gomer med alle sine fylkingar, Togarmas hus lengst i nord med alle sine fylkingar, mange folk er med deg.
7 Rust deg og gjer deg klar, du og heile flokken som er samla hos deg. Du skal vakta dei.
8 Når lang tid har gått, skal du kallast ut. Når åra er omme, skal du koma til eit land som er berga frå sverdet, til eit folk som er samla frå mange folkeslag på fjella i Israel, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.
9 Du skal trekkja opp som eit stormvêr, du skal koma som ei sky og dekkja landet, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.
10 Så seier Herren Gud: Den dagen kjem noko opp i hjartet ditt, og du tenkjer vonde tankar.
11 Du skal seia: «Mot eit land utan vern dreg eg opp, eg går mot fredelege folk som bur trygt. Alle bur dei utan murar. Bommar og portar finst ikkje.»