9 Du skal trekkja opp som eit stormvêr, du skal koma som ei sky og dekkja landet, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.
10 Så seier Herren Gud: Den dagen kjem noko opp i hjartet ditt, og du tenkjer vonde tankar.
11 Du skal seia: «Mot eit land utan vern dreg eg opp, eg går mot fredelege folk som bur trygt. Alle bur dei utan murar. Bommar og portar finst ikkje.»
12 Du vil rana og røva, ta bytte og rov og venda handa mot ruinar som på nytt er busette, mot eit folk samla frå andre folkeslag, som er i ferd med å samla seg buskap og gods, der dei bur på verdsens navle.
13 Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle ungløvene der skal seia til deg: «Er det for å rana du kjem? Er det for å røva du har samla hæren din, for å føra bort sølv og gull, ta buskap og gods og rana til deg eit veldig bytte?»
14 Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: Sanneleg, den dagen, når mitt folk Israel bur trygt, då skal du få vita det.
15 Då skal du koma frå staden din lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær.