1 Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal!
2 Eg snur deg rundt og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og fører deg opp på fjella i Israel.
3 Der slår eg bogen ut av venstre handa di og lèt pilene detta ut av den høgre.
4 På fjella i Israel skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slags rovfuglar og for villdyr.
5 På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud.
6 Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på kystane. Dei skal få kjenna at eg er Herren.
7 Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn bli vanæra. Då skal folkeslaga kjenna at eg, Herren, er heilag i Israel.