12 I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan bli reint.
13 Alt folket i landet skal gravleggja dei og få ære av det den dagen eg viser min herlegdom, seier Herren Gud.
14 For at landet skal bli reint, skal dei setja nokre menn til stadig å dra gjennom landet. Dei skal gravleggja dei som undervegs vart liggjande att på marka.
15 Når dei fer gjennom landet og får auge på ein menneskeknokkel, skal dei setja opp eit merke der til gravarane kjem og gravlegg han i Gog-flokkens dal.
16 Der er det òg ein by som heiter Hamona. Slik skal dei gjera landet reint.
17 Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane, alt som har venger, og til alle ville dyr: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort slaktoffer på fjella i Israel. De skal få eta kjøt og drikka blod.
18 Kjøt av heltar skal de eta og drikka blod av fyrstane på jorda, som var dei vêrar og lam, bukkar og oksar, gjøfe frå Basan, alle saman.