7 Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn bli vanæra. Då skal folkeslaga kjenna at eg, Herren, er heilag i Israel.
8 Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Dette er dagen eg har tala om.
9 Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut. Dei skal setja fyr på våpna og brenna opp både rundskjold og langskjold, bogar og piler, klubber og spyd. Dei skal fyra med dei i sju år.
10 Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane, for dei nører elden med våpna. Dei skal røva frå dei som røva dei, og plyndra dei som plyndra dei, seier Herren Gud.
11 Den dagen gjev eg Gog ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen, «ferdadalen», austafor sjøen. Dalen skal stengja vegen for dei som ferdast der. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast Gog-flokkens dal.
12 I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan bli reint.
13 Alt folket i landet skal gravleggja dei og få ære av det den dagen eg viser min herlegdom, seier Herren Gud.