1 Du menneske, ta ein teglstein og legg han framfor deg! På den skal du rissa inn ein by – Jerusalem.
2 Du skal omringa byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll omkring han. Lat hærar slå leir rundt byen og still opp rambukkar mot han på alle kantar!
3 Ta deg ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Slik blir han omringa, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels hus.
4 Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane.