3 Ta deg ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Slik blir han omringa, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels hus.
4 Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane.
5 Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.
6 Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda til Juda. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.
7 Vend så andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du profetera mot byen!
8 Sjå, eg bind deg fast med tau så du ikkje kan snu deg frå side til side før du er ferdig med dei dagane du skal omringa byen.
9 Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.