7 Vend så andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du profetera mot byen!
8 Sjå, eg bind deg fast med tau så du ikkje kan snu deg frå side til side før du er ferdig med dei dagane du skal omringa byen.
9 Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.
10 Maten du et, skal vega tjue sjekel om dagen. Dette får du å eta på eit døgn.
11 Vatnet òg skal du drikka etter mål, ein sjettedels hin får du å drikka på eit døgn.
12 Byggkaker skal du eta. Dei skal du steikja på menneskemøkk, rett framfor auga på folk.
13 Og Herren sa: Slik skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til.