1 I det tjuefemte året etter at vi hadde gått i eksil, ved nyttår, på den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter at byen var teken, på nettopp denne dagen kom Herrens hand over meg og førte meg dit.
2 I syn frå Gud tok han meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det mot sør ein bygning som likna ein by.
3 Dit førte han meg.Og sjå, ein mann, lik bronse å sjå til, stod i porten med linsnor og målestav i handa.
4 Mannen sa til meg: Menneske, sjå med auga og høyr med øyra og legg deg på hjartet alt det eg viser deg; for du er ført hit for å sjå. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels hus.
5 Sjå! Utanfor tempelet gjekk det ein mur på alle kantar. I handa hadde mannen ein målestav, seks alner lang, kvar alen ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han målte murverket. Det var éin målestav tjukt og éin målestav høgt.
6 Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp trappa og målte terskelen i porten: éin målestav brei. Den første terskelen var altså éin målestav brei.
7 Kvart siderom var éin målestav langt og éin målestav breitt. Mellom romma var det fem alner. Terskelen til porthallen som vende mot tempelet, var éin målestav.