13 Så målte han portrommet frå taket av det eine siderommet til taket av det andre. Avstanden var tjuefem alner. Døropningane vende mot kvarandre.
14 Han rekna porthallen. Han var tjue alner. Omkring porthallen låg føregarden.
15 Frå den ytre porten til inst i porthallen var det femti alner.
16 Omkring i heile portrommet var det tronge vindauge mellom pilarane i sideromma. Inne i porthallen var det òg vindauge overalt. Pilarane hadde palmeornament.
17 Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, der var det laga rom og lagt steinheller i heile føregarden. På steingolvet var det tretti rom.
18 Steingolvet ved portane nådde like langt ut til sidene som dei. Dette var det nedste steingolvet.
19 Han målte avstanden frå den ytre porten til den indre føregarden. Det var hundre alner i aust og nord.