35 Så førte han meg til porten i nord. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre.
36 Sideromma, pilarane og porthallen hadde dei same måla, og det var vindauge overalt. Lengda var femti alner og breidda tjuefem.
37 Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.
38 Det var eit rom der med inngang frå porthallen. Der skylde dei brennofferet.
39 I porthallen stod det to bord på kvar side til å slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet på.
40 På den eine sida, utanfor trappa til portopninga mot nord, stod det to bord. På den andre sida av porthallen stod det òg to bord.
41 Det var fire bord på kvar side i porten, i alt åtte bord. Der slakta dei.