40 På den eine sida, utanfor trappa til portopninga mot nord, stod det to bord. På den andre sida av porthallen stod det òg to bord.
41 Det var fire bord på kvar side i porten, i alt åtte bord. Der slakta dei.
42 Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein. Dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei slakta brennoffer og slaktoffer med.
43 Hyller som målte ei handsbreidd, var feste rundt omkring i bygningen. På borda la dei offerkjøtet.
44 I den indre føregarden, utanfor den indre porten, låg det to rom. Det eine låg ved nordporten, vendt mot sør. Det andre låg ved austporten, vendt mot nord.
45 Mannen sa til meg: «Dette rommet som vender mot sør, er for dei prestane som har tempelvakt.
46 Og rommet som vender mot nord, er for dei prestane som har altarteneste. Det er Sadok-sønene, dei av Levi-ætlingane som stig fram for Herren og tener han.»