6 Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp trappa og målte terskelen i porten: éin målestav brei. Den første terskelen var altså éin målestav brei.
7 Kvart siderom var éin målestav langt og éin målestav breitt. Mellom romma var det fem alner. Terskelen til porthallen som vende mot tempelet, var éin målestav.
8 Han målte porthallen som vende mot tempelet. Terskelen var altså éin målestav.
9 Han målte porthallen til åtte alner og pilarane til to alner. Porthallen vende inn mot tempelet.
10 Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Også pilarane på begge sider hadde same mål.
11 Han målte breidda på portopninga til ti alner og heile porten til tretten alner.
12 Framfor romma på kvar side var det rekkverk, kvart på ei alen. Og sideromma var på seks gonger seks alner.