17 og over døropninga. Både i og utanfor tempelet, overalt på veggene inne og ute, var det felt med
18 bilete av kjerubar og palmar, éin palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.
19 Eit menneskeandlet var vendt mot palmen frå den eine sida og eit løveandlet frå den andre. Slike bilete var det overalt i tempelet.
20 Frå bakken til opp over døra var det bilete av kjerubar og palmar på veggene i tempelhallen.
21 Tempelhallen hadde firkanta dørstolpar. Framfor det heilage rommet var det noko som kunne sjå ut som
22 eit altar av tre, tre alner høgt og to alner langt. Det hadde hjørne, sokkel og vegger av tre. Han sa til meg: «Dette er det bordet som står framfor Herrens andlet.»
23 Tempelhallen hadde to dører, og det heilage rommet