3 Så gjekk han inn i det indre rommet og målte pilarane attmed døropninga til to alner. Opninga var seks alner og sideveggene sju alner breie.
4 Han målte lengda av rommet til tjue alner og breidda mot hallen til tjue alner. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»
5 Han målte tempelveggen; han var seks alner tjukk. Breidda på sidebygget som låg rundt heile tempelet, var fire alner.
6 Sideromma låg i tre høgder, det eine over det andre, i alt tretti. Dei låg inn mot tempelveggen. I tempelveggen var det framspring som feste for sideromma omkring. Ikkje noko feste gjekk inn i sjølve tempelveggen.
7 Ein brei gang gjekk rundt og opp til sideromma. For gangen steig omkring tempelbygningen. Difor vart bygningen brei i høgda. Slik kom ein nedanfrå og heilt opp gjennom den mellomste høgda.
8 Eg såg at grunnen var bygd noko høgare rundt tempelet til fundament for sideromma. Han målte ei heil målestong, seks alner, ut til kanten.
9 Ytterveggen i sideromma var fem alner tjukk. Mellom sideromma ved tempelet