8 Eg såg at grunnen var bygd noko høgare rundt tempelet til fundament for sideromma. Han målte ei heil målestong, seks alner, ut til kanten.
9 Ytterveggen i sideromma var fem alner tjukk. Mellom sideromma ved tempelet
10 og dei andre romma var det ein open plass, tjue alner brei. Han gjekk rundt heile tempelet.
11 Sideromma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren omkring plassen var fem alner tjukk.
12 Bygningen som vende mot den inngjerda plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.
13 Han målte tempelet. Det var hundre alner langt. Den inngjerda plassen med bygning og vegger var òg hundre alner lang.
14 Framsida på tempelet og den inngjerda plassen mot aust var i alt hundre alner brei.