1 Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til romma ut mot den inngjerda plassen på nordsida av bygningen,
2 til framsida. Lengda på romma på nordsida var i alt hundre alner og breidda femti.
3 Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det tre avsatsar.
4 Framfor romma gjekk det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Romma hadde inngang mot nord.
5 Dei øvste romma var smale, for avsatsane tok meir plass frå dei enn frå romma i midten og nedst i bygningen.
6 For det var tre høgder, men dei hadde ikkje søyler som i føregardane. Difor var dei øvste romma mindre enn dei mellomste og dei nedste.
7 I forlenginga av romma som vende ut mot den ytre føregarden, gjekk det ein mur, femti alner lang,