4 Framfor romma gjekk det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Romma hadde inngang mot nord.
5 Dei øvste romma var smale, for avsatsane tok meir plass frå dei enn frå romma i midten og nedst i bygningen.
6 For det var tre høgder, men dei hadde ikkje søyler som i føregardane. Difor var dei øvste romma mindre enn dei mellomste og dei nedste.
7 I forlenginga av romma som vende ut mot den ytre føregarden, gjekk det ein mur, femti alner lang,
8 slik at lengda på dei romma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner, medan dei som vende mot tempelet, var hundre alner.
9 Under romma var det ein inngang frå aust for å koma inn frå den ytre føregarden,
10 der muren mot føregarden tok til.Også i sør, mot den inngjerda plassen og mot bygningen, låg det rom,