7 I forlenginga av romma som vende ut mot den ytre føregarden, gjekk det ein mur, femti alner lang,
8 slik at lengda på dei romma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner, medan dei som vende mot tempelet, var hundre alner.
9 Under romma var det ein inngang frå aust for å koma inn frå den ytre føregarden,
10 der muren mot føregarden tok til.Også i sør, mot den inngjerda plassen og mot bygningen, låg det rom,
11 og framfor dei ein veg. I lengd og breidd likna dei romma i nord. Dei hadde utgangar og inngangar som dei, var bygde på same måten
12 og hadde same slags dører. Døra til romma mot sør låg ved byrjinga av vegen langs muren, der ein kom inn frå aust.
13 Han sa til meg: «Romma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage romma der prestane som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet, for det er ein heilag stad.