1 Så førte han meg til den porten som vender mot aust.
2 Og sjå, herlegdomen til Israels Gud kom frå aust med eit drønn som av store vassmengder, og jorda stråla av hans herlegdom.
3 Det synet eg fekk sjå, likna det synet eg hadde då han kom for å øydeleggja byen, og det eg hadde ved Kebar-elva. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda.
4 Og Herrens herlegdom kom til tempelet gjennom den porten som vender mot aust.
5 Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte tempelet!