12 Dette er lova om tempelet: Heile området på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er lova om tempelet.
13 Dette er måla på altaret, målte med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Ei renne var ei alen djup og ei alen brei, og kanten rundt var eitt fingerspenn.Dette er sokkelen under altaret:
14 Frå renna på bakken og opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var éi alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var éi alen.
15 Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp.
16 Eldstaden var tolv alner lang og tolv alner brei, firkanta.
17 Avsatsen var fjorten alner lang og fjorten alner brei, firkanta. Kanten rundt var ei halv alen, og renna omkring var éi alen. Altartrappa vende mot aust.
18 Han sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Dette er forskriftene for altaret som gjeld frå den dagen det blir laga, så ein kan ofra brennoffer og skvetta blod på det.