14 Frå renna på bakken og opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var éi alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var éi alen.
15 Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp.
16 Eldstaden var tolv alner lang og tolv alner brei, firkanta.
17 Avsatsen var fjorten alner lang og fjorten alner brei, firkanta. Kanten rundt var ei halv alen, og renna omkring var éi alen. Altartrappa vende mot aust.
18 Han sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Dette er forskriftene for altaret som gjeld frå den dagen det blir laga, så ein kan ofra brennoffer og skvetta blod på det.
19 Til dei levittprestane som er av Sadoks ætt, dei som stig fram og gjer teneste for meg, seier Herren Gud, skal du gje ein ungokse som syndoffer.
20 Du skal ta noko av blodet og stryka det på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna til avsatsen og på kanten omkring. Slik skal du ta bort synd frå altaret og gjera soning for det.